Pilotprosjektet er ferdig!

I perioden september 2023-mai 2024 gjennomførte Memoar, Fjellkoret og tre musé i Vestland, eit pilotprosjekt om utvandringshistorie for å teste ut interesse for og metodikk i hovudprosjektet. Vi samla og formidla opptak av tre forteljarkveldar og 19 intervju. Tanken er at Fjellkoret skal plukke stoff frå denne samlinga når dei utviklar sitt korverk til utvandrarjubileet neste år. Samtidig blir samlinga starten på den store samlinga av Migrasjonsminne som nå skal byggast i samarbeid mellom Memoar, Landslaget for lokalhistorie, Slekt og data, Diaspora Tamil Archive, Rådet for integrering og mangfald (RIM) og ei rekke andre organisasjonar gjennom 2024 og 2025.