Prosjekt Migrasjonsminne kjem i gang for alvor frå september 2024. I løpet av hausten er planen å starte arbeidet med opp til fem delprosjekt. Alle skal handle om innsamling, dokumentasjon. bevaring og formidling av munnleg historie i form av intervju. Tema kan vere utvandring, innvandring, diasporaliv - eller kanskje helst alle tre.
Hovudkontakt for prosjektet blir Sebastian Kaasa - epost sebastian@memoar.no
Kontakt for arbeid med innvandingshistorie som hovudtema er Irene Kinunda Afriyie - epost irene@memoar.no
Kontakt for arbeid med utvandringshistorie som hovudtema er Dane Lundberg - epost dane@memoar.no
Kontakt for arbeide med å involvere ungdom og born er Isabel Sandvik Shepherd - epost isabel@memoar.no
Vi har lang erfaring med oppstart og gjennomføring av minneinnsamlingar. Vi delar gjerne desse med styre, utval eller medlemsmøte.
Vi organiserar slike møte eller foredrag som kortkurs. Kostnadane vil vere kr. 2.500,- pluss reisekostnader. Arrangørar kan søke støttefondet om bidrag slik at kostnadane til eit oppstartmøte kan kome heilt ned i 500 kroner - inkludert reisekostnadane.
Leiar av styringsgruppa for prosjektet er Bjørn Enes - epost bjorn@memoar.no. Styringsgruppa har ansvar for den strategiske leiinga og for samarbeidet med hovudpartnarane i prosjektet: Landslaget for lokalhistorie, Slekt og data, Tamilsk Diaspora Arkiv og Rådet for integrering og mangfald.
Dette er dei kreative sin beste periode: Fyrst fritt fram for store vyer - så innstramming til litt meir realisme...
... i alle fall nok til å få likesinna partnarar til å tenne på idéen og bli med på litt meir konkret planlegging.
Det vil seie mål, metode, etikk, fyrste versjon av emneord, kven skal intervjuast, kven skal intervjua - osv, osv.
Og kva kjem det til å koste? Nå er det i allefall viktig å tenke heilt konkret - på tid. transport. lokale, mat, parkering...
Og korleis skal vi få betalt? Kan vi selje noko til ein sponsor? Kan vi søke støtte? Kan vi ta billettar eller kursavgifter?
Og når vi har fått svar på alt dette må vi ganske sikkert gå gjennom på nytt for å sjå kor vi kan stramme inn og kutte...
Så tek moroa til! Ein må ha hovudansvar. Ho eller han må ha med folk med rett kompetanse. Og alle treng hjelparar.
Har vi gjort god jobb til nå, så brukar sjølve prosjektarbeidet å gå som ein leik. Mellom oss: Gjennomføring ER som ein leik!
Det KAN likevel røyne på mot slutten. Det KAN vere fristande å ta nokre snarvegar. Men me må halde på entusiasmen heilt fram!