Lydopptak av foredraget 19/3, illustrert med presentasjonen.
- 18. - 19. mars 2025 inviterte Arendal historielag og Memoar personar som har personlege eller slektshistoriske minneforteljingar om migrasjon, til å gi sine bidrag til den nasjonale minneinnsamlinga under Utvandringsjubiléet (Migrasjonsminne.no). I alt blei det gjort 9 intervju i denne økta - fire heimvende utvandrarar, tre innvandrarar, ein jordomseglar og ein slektsforskar som kunne setje migrasjonshistoria i perspektiv med utgangspunkt i ei gardshistorie. Minnene blei samla i form av uformelle intervjuopptak på Arendal Bibliotek. Intervjuar var Bjørn Enes fra Memoar.
- 19. mars arrangerte Arendal Historielag ope medlemsmøte i Arendal Gamle Rådhus. Der fortalde Bjørn Enes om Migrasjonsminneinnsamlinga - med hovudfokus på kva som var kome fram gjennom dei to intervjudagane.
Det skal nå gjerast eit etterarbeid på intervjuopptaka, og så skal dei som har blitt intervjua vurdere om dei vil dele sine minne og erfaringar. Alle som gir sitt samtykke til deling vil bli publisert nedanfor her.