Ei lang rekke aktørar var med å markere og synleggjere migrasjonsmistoria i Sunnfjord. Det har vore sporadiske arrangement gjennom heile året, men toppen vbar absoluitt denne helga.
Det starta på Førde Kino fredag kveld 5/9 med vising av "På høge hælar i Amerika"
Laurdag 6/9 kl. 12 var det Forteljarpanel i regi av Memoar på Sunnfjord Museum
kl 14 opna utstillinga som dei fire historielaga i Sunnfjord og Memoar har utvikla
kl. 15 var det foredrag om utvandringa frå Sunnfjord med Yngve Nedrebø i Teatgersaloen i Førdehuset
kl. 17 var det oppvising av Linedance på plassen utanfor Førdehguset
Kl. 17:15 kom AmCar-klubben med ei kortesje av gamle (og nokre nye) amerikanske bilar
kl. 18:00 gjennomførte Fjellkoret si konsertforestilling "Det løfterike landet"
Søndag 7/9 avrunda Naustdal Kyrkje heile arrangementet med migrasjonsgudsteneste
Sjå meir om kvart arrangement under
Dagen starta på Sunnfjord Museum. Fire av dei 21 som så langt er intervjua om opplevd migrasjonshistorie var samla i eit forteljarpanel - ein god del av dei andre sat i salen. I løpet av halvannan time delte dei forteljingar og refløeksjonar. Panelet besto av (frå v. Bjørn Enes (ordstyrar), Vidar Fossen, Einar Eimhjellen, Sallie Anna Steiner Pisera og Theresa Marie Årdal Connor. Utanom desse bidrog fygljande frå salen: Judtih Hegrenes, Aud Slettehauig, Saif El Din Ali Alshaikh og Kari Thorkildsen
Utstillinga var eit stort dugnadsarbeid der fire soge-/historielag hadde bidratt. Billedsam,ølinga viste veldig tydeleg kor viktig skogsarbeidet i Midtvesten og staten Washington var for utvandringa frå Sunnfjord. Utanom billedmaterialet var ei rekke tekstar om personar og hgendingar med liner til Sunnfjord. Utstillinga vart opna av Judith Hegrenes - organisatoren bak innsamlingsarbeidet.
Naustdal Kyrkje vart så inspriert av jubileumsmarkeringa at dei likegodt fylgde opp sondag morgon med i gudsteneste prega av migrasjonsminne. Mellom anna framførte Naustdal Spelemannslag "Amerikavalsen" i kyrkja
Judith Hegrenes har gjort eit stort arbeid med å skrive og klargjere tekstar som inngår i utstillinga på Sunnfjord Bibliotek i Førde. Tekstane vil også inngå saman med det munnlege materialet i Migrasjonsminnesamlinga som skal bevarast for framtida
Vidar Fossen har gjort seg mange refleksjonar - mellom anna denne om straumane av etterkomarar på leit etter slektningar i gamlelandet...
#Sunnfjord
starta opp alt i pilotfasen av minneinnsamlinga i samband med utvandringsjubiléet. Den 10. april 2024 inviterte Sunnfjord Museum, Memoar og Fjellkoret til Forteljarkveld i muséet. Her kom det fram mykje interessant om utvandringa frå Sunnfjord. Den fyrste serien med enkeltintervju blei gjort på muséet ei veke seinare - og i så har arbeidet halde fram med intervjuinnsamlingar i økter. I februar -25 blei det etablert ein komité for å førebu eit stort arrangement i samarbeid med Fjellkoret den 10. september.
Nedanfor ser du peikarar til alle enkeltintervju. På undersida Framdrift finn du utviklingshistoria om Migrasjonsminne Sunnfjord.
Ta gjerne kontakt om migrasjonshistorie i Sunnfjord - migrasjonsminne@memoar.no