Når vi fortel munnleg om kva vi har opplevd og kva vi hugsar, får vi ofte med oss samanhengar som blir redigert bort når vi uttrykker oss skriftleg: Avsporingar og utanomsnakk høyrer ikkje heime i skriftlege arbeid. Men i munnleg historie klarar vi ikkje å unngå det.
Det er ein av grunnane til at migrasjonsminne-samlinga fyrst og fremst skal vere ei samling av munmnleg historie. Ein annan viktig grunn er at vi også skal samle minne frå folk som ikkje har tid eller lyst til å skrive dei.
Alle kan samle migrasjonsminne, og bevare dei i familiearkivet. Og: Alle kan avlevere minneopptak til den Prosjekt Migrasjonsminne!
Skriv avtale med den som skal intervjuasat om at det skal gjerast opptak, og at opptaket skal arkiverast og avleverast til langtidsarkiv
Bruk gjerne avtalemalen nederst på denne sida
Lyden bli best viss kamera står berre ein meter frå forteljaren
Unngå motlys - slå av forstyrrande bakgrunnslyd (radio - musikk - vifteovn etc)
Ikkje tenk så mykje på neste spørsmål: Høyr etter, og la den du intervjuar fortelje fritt!
Bruk god tid - eit munnleg historie intervju held gjerne på i både ein og to timar.
Lag gjerne fleire intervju med same forteljar: Det kjem heilt sikkert nye, verdulle forteljingar.
Ikkje diskutér - ikkje la deg friste til å overta med dine forteljingar
Skriv ned: Kven fortalde? Kven intervjua? Kor og når blei det gjort?
Kva handla intervjuet om - helst i detalj, frå minutt til minutt. Men i alle fall grundig nok til at fdolk som kjem over intervjuet i samlinga kan sjå i din tekst at intervjuet er interessant!
Bruk eit filoverføringsprogram (Google Disc, Dropbox Transfer, Filemail, WeTransfer eller andre)
Send til https://www.dropbox.com/request/527bwe1hEufcQ9ftZF3P eller transport@memoar.no
Og fyll ut dette skjemaet
Skriv ut - fyll ut - skann og send inn:
Skriv ut - fyll ut - skann og send inn:
Det er berre forteljaren - ho eller han som har blitt intervjua - som kan bestemme om passordet kan fjernast slik at interesserte kan får sjå det.
Samtykke til fjerning av passord kan dokumenterast med eit signert dokument, ELLER ein identifiserbar epost, SMS eller liknande.