Frå Egil Melvær, Florø:
Hei,
Eg ser på nettet at de samlar inn historier frå utvandringa til Amerika. Her er ei som eg høyrde for mange år sidan frå eit barnebarn av Finn Melvær og Gjertrud Melvær, fødd Berg, gjengitt så godt eg hugsar den. Begge var frå Florøområdet. Eg har ikkje kontakta etterkommarar om å publisere den. Eg har fleire bilder, adresser og litt kontakt med nokon få av etterkommarane.
———
Finn og Gjertrud vart tidleg kjæristar og «hemmeleg forlova». Dei vart einige om at Finn skulle reise til Amerika, og så skulle ho reise etter, når han hadde fått utdanning og arbeid.
Etter 7 år kom brevet om at no kunne ho komme. Han hadde utdanna seg til kemiinginør og fått seg jobb i ei amerikansk kåpargruve i Chile. Ho hadde sydd seg brurekjole som ho pakka nederst i amerikakofforten, i lag med andre ting som skulle vere med.
Vel framme i New York var det berre to dagar til båten til Chile skulle gå, så det vart hektisk, dei rakk ikkje å gifte seg!
Dermed var det å reise vidare i kvar sin lugar. Noko anna var ikkje aktuelt! Men på turen stoppa båten for bunkring, lasting og lossing. Barnebarnet trur det var i Havanna, Kuba.
Der tok dei ein tur i land, oppsøkte ei kirke og presten godtok å vie dei.
Prestefrue plukka ein brurebukett i hagen. Og presten vigde - uten at ho hadde brudekjolen på seg.
Etterpå var turen billigare, og heilt sikkert kjekkare, på same lugar!
Vel etablerte i Chile hadde dei eit meir formelt bryllaup, - der ho brukte brudekjolen sin.
Det er muleg eg ikkje veit alt om familien, men Finn og Gjertrud hadde tre born, Mildrid som vart gift Howard og busette seg seinare i Florida.
Thorunn, gift Beatty, og Odd. Dei to siste busette seg i Fergus, ein liten by vest for Toronto, Canada. Som enke budde også Gjertrud der.
Eg trur det er Mildrid lengst tilværelse. Så Thorunn, Odd, Finn og Gjertrud. Odd kalla seg gjerne Odin, fordi Odd ikkje gjekk serleg godt på engelsk.
Gjertrud som ung.
Thorunn og mannen Fred 1995. Ho såg seg som norsk heile livet.
Fergus 2016. Forfattaren til venstre. Og eine barnebarnet til dei i grava, Tom Beatty.