I sjølve gjennomføringsfasen gjennom heile 2025 - skal arbeidet foregå i regi av historielag, lokale og regionale avdelingar av Slekt og Data, innvandrarorganisasjonar av ulike slag og ungdomsorganisasjonar og organisasjonar som arbeider med integrerings og mangfaldsspørsmål. Vi kjem til å oppmode alle lokale samarbeidspartnarar til også å trekke inn lokale arkiv-, bibliotek eller museumsinstitusjonar i samarbeidet.
Basert på tidlegare erfaringar har vi utvikla ein serie “arbeidspakkar” som lokale/tematiske prosjekt kan søke om. Desse søknadane vil går til prosjektleiar, som lagar innstilling til vedtak i Styringskomiteen. (Vi har lagt opp til rask og effektive avgjerdsprosessar slik at det ikkje skal hemme framdrifta av lokale prosjekt). Lokale prosjekt kan sjølvsagt også søke om støtte til hjelp frå andre enn prosjektgruppa / prosjektgruppas nett av frilansarar.
Kriteria vil vere at utvalet må vere spreidd over heile landet, at det både må omfatte aktørar som fokuserar utvandringshistorie og aktørar som interesserer seg for innvandring. Dei må også vere villige til å betale ein eigenandel av kostnadane (sjå budsjettet). Så snart som råd, vil vi starte konkret planlegging av kvart av dei fem prosjekta. Vi håpar på finansiering slik at vi kan tilby kvart av dei fem fylgjande ressursar:
Minst fire dagar med prosjektleiar og/eller annan erfaren intervjuar / prosjektleiar / kurshaldar fysisk til stade. Desse dagane kan brukast til intervjuseriar eller opplæring og trening av eigne intervjuarar.
Minst fire dagar med telefon/videostøtte frå prosjektleiar og/eller annan erfaren intervjuar / prosjektleiar / kurshaldar. Desse dagane kan brukast til rådgjeving og/eller dokumentasjonsarbeid og/eller videoredigering og/eller annan støtte.
Infrastruktur for munnleg historie i form av arbeidsarkiv, videoredigeringsprogram, evt. autotranskripsjon, publiseringsverktøy for video, tekst og bilde, avleveringsarkiv og digitale formidlingskanalar.
Webinar etter behov, om intervju, dokumentasjon, videoredigeing og/eller formidling.
Dette punktet bygger i hovudsak på erfaringane frå dei tidlegare landsdekkande prosjekta “Krafttak for munnleg historie” og “Munnleg historie for alle” og det store lokale prosjektet “Oslove”. Kort oppsummert har vi gode erfaringar med å gå fram slik:
Generell og målretta marknadsføring av visjonen om å ta vare på og dele munnlege forteljingar om migrasjon og levd diasporaliv.
Etablering av kontakt med samarbeidspartnar, helst både i frivillig og profesjonelt kulturvern. Avtale om prosjektfokus og tidspunkt for oppstartseminar.
Etablering av prosjektnettside med program for oppstartseminar som fyrste innhaldselement.
Oppstartseminar/kortkurs. Diskusjon og vedtak om:
mål for det lokale/tematiske prosjektet.
fyrste versjon av emneordliste/intervjuguide.
etikken i prosjektet og samtykkeavtalar.
kven vi vil invitere særskilt, og kven vi vil oppmode om å melde seg som intervjuobjekt.
gjennomføring med eigne krefter eller innleige av profesjonelle gjennom prosjekt Migrasjonsminne.
og planer for avsluttande (lokalt) publikumsarrangement.
Eventuelt kurs for lokale interjuarar og dokumentasjonsarbeidarar (Dagskurs eller 2-dagars kurs).
Intervjuserien: (Flest mogleg intervjuopptak på ein avgrensa periode).
Dokumentasjonsarbeidet (evt. webinar om dokumentasjonsarbeid).
Innhenting av publiseringssamtykke og publiseringar på prosjektnettside, partnarane sine nettsider og (eventuelt) Minner.no.
Publikumsarrangement med formidling av prosjektet - i form av forteljarpanel eller attforteljing og/eller annan kunstnarisk eller pedagogisk formidling.
Avlevering.