Voss Folkemuseum gjennomførte Forteljakveld saman med Memoar 22. januar. Omlag 20 hadde møtt opp for å dele minne og slektshistoriske forteljingar om migrasjon - dei fleste om utvandring frå Voss til Amerika. Dane Lundberg frå Memoar styrte ordet, og Isabel Shepherd gjorde opptak slik at forteljingane som blei delte får eit "evig liv" i den nasjonale Migrasjonsminnesamlinga som er under oppbygging gjennom jubileumsåret. Kvelden vart innleia med foredrag der Eirik Helleve fortalde om arbeidet med ei ny bok om utvandringa frå Voss.