er eit samarbeid mellom Memoar, Stiftinga Hilmar Aleksandersen og historielag i Nord-Trønderlag.
Arbeidet starta med eit kortkurs om munnleg historie i april 2025, og vart fylgd opp med to intervjudagar etterpå.
Materiale frå kurset i april og den vidare utviklingshistoria om arbeidet i Steinkjer finn du på undersida Framdrift Steinkjer
(Attforteljing a Bjørn Enes)
Einar Johannessen var ein av dei som bidrog til innsamlinga av migrasjonsminne i Steinkjer. Han er verken fortid som utvandrar eller innvandrar, men har vore sjømann i store delar av livet, og hadde mange gode refleksjonar og observasjonar frå skipsdekk og havnebyar jorda rundt. Nå var han hovudansvarleg for Slekt og Data sit prosjekt Gravminner, og fortalde varmt om denne visjonen, at alle skal kunne finne informasjonar og bilete av grvplassen til nære og fjerne slektningar.
Ely Navarro var også der. Ho er antropolog og kulturformidlar og utvandrar frå Vera Cruz i Mexico. Hennar vandring har enda i Steinkjer, der jo i dag er ein av nøkkelpersonane i staben til Hilmarfestivalen.
Ho lytta tålmodig til Einars bveretning. Og då intervjuet var slutt og kamera slått av, spurde ho:
Kan det finnast informasjonar om utanlandske graver også?
Og så fortalde ho om korleis folk i Vera Cruz, Mexico, ennå snakkar om om kor brutalt Gulfeberen kunne rase med utanlandske sjøfolk. Der var gravplassar der heile skipsmannskap låg. Mellom anna ein gravplass med 13 graver frå Arendal.
Slikt kan jo trigge nokon og kvar. Det trigga i alle fall Einar Johannessen. Kvar på sin plass grov dei to vidare. Snart vart det klart at det ikkje var 13, men 58 norske sjømannsgraver i Vera Cruz.
Ely fortalde om desse funna til eit meksikansk filmteam som syntest dette var spennande. Det gjorde Nasjonalbiblioteket og, og 18. september vart ho invitert til Oslo for å fortelje om saka på konferansen "Migrasjon, vandring, mobilitet og globalisering". Slekt og Data i Arndal arbeider nå med å finne slektningar av dei omkomne sjømennene (Sjå meir ved å klikke på utklippet til høgre.)
Attforteljing av Bjørn Enes
Oriana Kammerer er eit tidsvitne om den digitale revolusjonen. Forteljinga hennar handlar om kjærleik i Internetts tid. Ho kom til til verda på eit enkelt gardsbruk i Colombia, og har gjort ei veldig reise derifrå til IT-jobb i Trøndelag Fylkeskommune og solid forankring i nabolag og kulturmiljø i Steinkjer.
“Det var fint å vekse opp der!” Seier ho, og fortel om den karibiske kysten, varmen, den vakre naturen - flokkar med flamingoar - og folk i fargerike draktar, om dansing og om folket der. “Men så blei det litt krig…”
Då ho var tolv år gamal kom geriljasoldatar ned frå fjellet som var like ved. Det vart skytinbg og kraftige smell. Dei kom inn på skulen. “Vi måtte gøyme oss under pultane” fortel ho. “Det var litt trist…..”
På skulen var der ein PC. Lærarane passe veldig godt på han - det var ikkje lov å spele eller chatte. Men ho lærte å søke, og å finne bøker der, utan å gå på biblioteket. Det fekk ho lov til. Og slik blei interessa for teknologi tend.
Der er eit stort bryggeri i Guajira, ein gong var det nederlandsk. Nå er det eit populært ølmerke i heile Karibia. Dei har distribuert øl i sju generasjonar, så dette kan dei. Likevel kom dei på at det kanskje kunne vere eit framsteg å bruke datamaskin til distribusjonsruter og fakturering. Det var Orianas opning.
Det blei hennar fyrste skikkeleger jobb. Ho må ha bevist at dette var nyttig, for ho blei verande - dheilt til ho blei headhunta av eit endå større selskap, gruveselskapet Cerrejón nede ved grensa mot Venezuela. Det er eit gigantisk dagbrotsanlegg, eit av dei største i verda. Så stort og så langt frå folk at det nærast var som “Nordsjøsyklus” å arbeide der. Ho arbeidde som brukastøtte på IKT, kjørte til jmobb på motorsykkel, arbeidde til 12 før det var to timars middagskvil til ny økt klokka 14. Ho reiste sjeldan heim til seg sjølv i desse timane - ho hadde fri tilgang til PC og nett. Og der tok kjærleiken til å gro fram.
“Ein dag sa eg til mor: Det kjem ein som eg har blitt kljend med. Han kjem frå Norge. Ho var veldig bekymra. Eg var nervøs. Men det gjekk bra. Det var veldig spennande…. “
Han var glad i musikk. No hadde berre desse korte timane midt på dagen og om kvelden. Han spelte musikk i mellomtida. “Han sa at han ville ha barn som skulle slå på trommer…”
Ho slutta i jobben. Dei drog til Mexico. Så drog dei til Spania. Og så tilbake til Mexico. Så tok dei tril å tenkje på framtida. Kanskje han kunne få seg jobb i Colombia? Kanskje begge kunne få seg jobb i Spania?
“Men han tenkte mykje på Noreg. Han hadde ein son der frå før. Han ville gjerne til Norge”.
Så forsøkte dei - og kom til Inderøy. Der var vakkert. Og foreldra hans kunne spansk. Dei gifta seg. Dei fekk barn.
“Eg var veldig katolsk. Men det var inga katolsk kyrkje på Inderøy. Så kom presten heim til oss. Han var veldig hyggeleg. Eg blei kjempeglad. Eg bestemte meg for å bli litt meir åpen om religion. Og eg fekk vener i den kyrkja. Eg ville ta det beste frå kvar religion. Så blei ho døypt i Sakshaug kyrkje. Og fekk plass i barnehage. Og så fekk ho fleire vener.
Så flytta dei til Mausund, langt uti havet, litt sør for Frøya. “Der lærte eg litt meir om kultur”.For der sa ikkje folk berre “Hei!” når ho møtte dei på kaien eller langs vegen. Der stoppa dei og snakka, og inviterte på dugnad, og foreslo grilling. Ho fortel seg varm om det inkluderande Mausund. For den som reiser halve jorda rundt, finst det ikkje betre plass enn Mausund. Alle der kjende henne. Fyrst som dama frå Colombia. Og så som berre Oriana.
Så var det denne utlysinga då, frå Trøndelag Fylke. 62 søkarar. Så fekk ho jobben. Og kom til Steinkjer - like før Hilmarfestivalen 2022. Ho representerte Latin-Amerika der, saman med andre trønderar, frå El Salvador, Venezuela og Colombia. Ho dansa salsa der, oppvisningsdans, i ein knallraud kjole heimefrå. Dei serverte karibisk mat. Og ho hadde malegruppe der.
“Steinkjer er heller ikkje så stor, og nesten like bra som Maursund”
Ho snakkar mykje med borna om Colombia. Ho fortel om strendene, om fargane, om alle fruktene. Ho vil gjerne vise dei det ho kjem frå. Og ho vil gjerne at dei skal kunne snakke med folk der. Derfor snakkar ho helst spansk med borna, så dei skal lære. Så dei kan bestemme fritt kor dei vil leve, når dei blir store.
“Nå har vi kjøpt hus, her. Vi kjøpte ikkje hus i Colombia, for vi blei ikkje samde. Vi kjøpte ikkje hus på Inderøy. Vi kjøpte ikkje hus i Maursund. Men nå har vi kjøpt hus i Steinkjer.”
“Eg trur at eg kanskje gjerne vil høyre spansk når eg blir gamal. Høyre folk seie slike ting som du berre kan forstå fullt ut når det er ditt språk. Kanskje eg gjerne vil flytte tilbake. Men berre viss heile familien blir med…”