Målet med intervjuinnsamlinga er å dokumentere den immaterielle kulturarven rundt dette med migrasjon - både ut- og innvandringtshistorie. Rett og slett: Kva slags minne- og slektshistoriske forteljingar er det som lever blant folk i Sunnfjord i 2025?
Vi skal vere i Førde Bibliotek, lesesalen. Det blir ingen andre der - med mindre du har lyst å ha nokon med deg.
Det brukar alltid å vere ein hyggeleg samtale - ikkje noko "revolverintervju". Vi er ikkje ute etter kunnskapsstoff, berre etter minner og refeleksjonar rundt minnene. Årstal og slikt som er vanskeleg å hugse, finst andre plasser - her er det forteljingane som står i sentrum
Memoar gjer jo dette av di vi gjerne vil samle og avlevere til arkivering for all framtid. Vi vil også gjerne at du delar forteljingane dine med alle som er interesserte nå, gjennom å la dei ligge på denne nettsida.
Men: Det er du som bestemmer om det kan leggast ut og om det kan arkiverast. Og du treng ikkje bestemme deg før du har sett gjennom opptaket.
Aktuelle dagar er 27 og 28. februar.
Send ein epost til bjorn@memoar.no - eller ein SMS til 415 16 745. Skriv namn, tidspunkt som passar, tlf.no og epost (dersom du har). Bjørn svarar ganske kjapt tilbake - og så har vi avtalen på plass!