Vellukka idéutviklingsmøte vart gjennomført på Biblioteket i Førdehuset den 7. januar. Initiativet kom frå Memoar Vestland og Fjellkoret. Dei to gjennomførte eit pilotprosjekt hausten 2023 og våren 2024 for å teste ut samarbeidsformer for å samle og formidle levande kulturarv om migrasjon i Vestland. Den delen av pioloten som gjekk i samarbeid med Sunnfjord Museum i april i fjor, var så vellukka at tanken om eit større arrangement i Førde oppstod. Hovudkonklusjonen var at eit større arrangement den 6. september både er mogleg og ønskjeleg. Det er laga ait fullste4ndig referat frå møtet. Det blir sendt ut til deltakarane og ei utvida epostliste - sjå fullt referat her, og tra gjerne kontakt for å bli med i arbeidet!
Initiativet til idémøtet kom frå Memoar Vestland og Fjellkoret. Dei to gjennomførte eit pilotprosjekt hausten 2023 og våren 2024 for å teste ut samarbeidsformer for å samle levande kulturarv om migrasjon i Vestland.
Memoar ut frå idéen om å bygge eit immaterielt kulturminne i form av ei samling munnleg og skriftleg kjeldemateriale om ut- og innvandring,
og Fjellkoret ut frå idéen om å bruke slike forteljingar som råstoff for ei korforestilling som skal markere Utvandringsjubileet hausten 2025.
I april i fjor gjennomførte pilotprosjektet ein mimrekveld og ein intervjudag i samarbeid med Sunnfjord Museum. Det vart svært vellukka - og slik oppsto idéen om eit større arrangement. Ein av deltakarane der - Judith Hegrenes - og Bjørn Enes frå Memoar hadde så jobba vidare med tankar om eit hovudprosjekt i Sunnfjord. Idélista dei hadde laga vart så utgangspunktet for idémøtet den 7. januar.
Desse tok del:
Sallie Anna Steiner Pisera (Sunnfjord Museum), Inge Larsen ( einingseiar kultur og ungdom,Sunnfjrod Kommune),
Evy Kjøsnes Singstad, (Kulturminnekonsulent), Torunn Rygg, (biblioteket, arrangementsansvarleg),
Joar Sande, (Gaular Sogelag), Jorun Systad,. (einingsleiar Biblioteket),
Judith Hegrenes, Øyvind Hegrenes,
Karen Hornes,(Førde Historielag) Sveïn Heggheim, (Jølster Sogelag),
Frode Fimland (Filmregissør), Jan Ludvig Jakobsen, (Fjellkoret - tok del digitalt) og
Bjørn Enes, (Memoar)
Fjellkoret (www.fjellkoret.no) er i full sving med utvikling av forestillinga, og planen til dirigent Jan Ludvig Jakobsen og manusforfattar Morten Lorentzen er at forestillinga skal vere klar for framføring etter sommaren. Memoar er på si side i full gang som ansvarleg for den store minneinnsamlinga under Utvandringsjubiléet, www.migrasjonsminne.no. Den handlar jo nettopp om å samle inn intervju og anna slikt materiale som Fjellkoret treng. Også i den prosessen passar tidleg september godt. 6. september er siste sjanse før Stortingsvalet, og etter det vil det bli vanskeleg å konkurrere med førebuingane til VM i vektløfting i Førde.
17. mai og Førdefestivalen
Det var semje om at 6/9 sin ein god dato for eit hovudarrangement, men I løpet av diskusjonen kom det også opp idéar om å bygge opp til det gjennom “teasarar” under 17.mai-markeringa og under Førdefestivalen (2-6. juli).
Sunnfjord Museum arbeider med planar om ei ny utstilling om folkemusikk frå Sunnfjord i Amerika. Uavhengig av det er også filmprodusent Frode Fimland i gang med eit prosjekt som har å gjere med musikalske trådar mellom Sunnfjord og Midtvesten i USA. ,
. angde . skifte og fram til ca 1925.
Museet arbeider med utstilling
Frode Fimtland arbeider med forestilling og kanskje ny film
Einar Eimhjellen har mellom mykje anna også samla inn norsk folkemusikk blant etterkomarar etter sunnfjordingar i USA.
Idéen som dette førde fram til går omlag slik:
Alle som har tips om musikalsk påverknad mellom Sunnfjhord og Amerika, tipsar muséet og /eller Frode Fimland
I god tid før september bør det gjerast eit intervjuopptak med Einar Eimhjellen.
Kontaktpersonar: Sallie Anna Steiner Pisera . salpis@misf.no og/eller Frode Fimland - frodefim@gmail.com
Under “mimrekvelden” og intervjudagen på Sunnfjord Museum (10. og 17/4-2024) kom det uvanleg mange forteljingar om Sunnfjordingar som drog på skogsarbeid i Amerika tidleg i førre hundreåret - Mellom andre fortalde Øyvind Dvergsdal om dette. Mykje kunne tyde på at sunnfjordingar hadde opparbeidd seg eit så godt rykte som dugande skogsarbeidarar at tømmerfirma faktisk betalte folk for å reise heim og rekruttere fleire, slik Vidar Fossen fortalde om.
Ein dag får Judith Hegrenes ei kasse med gamle bilde frå eit loft på ein gard som har skifta eigar. “Kanbskje dette er noko for Facebooksida "Jølst i gamle dage” sa gjevaren. I kassen viste det seg så å ligge ein serie bilde - mellom anna frå skogsarbeid i Wisconsin:
Idéen som dette førde fram til går slik:
Vi lagar ei nettside OG ei Facebookside der vi etterlyser meir forteljingar og bilde om Sunnfjordingar og skogsarbeid i Midtvesten.
Mål - tips til Fjellkoret - og kanhende eI “ny historie” og ei utstilling den 6. september.
Kontaktpersonar: Judth Hegrenes judith.hegrenes@gmail.com og Bjørn Enes bjorn@memoar.no
Vi diskuterte om vi burde etablere ei nettside til bruk i arbeidet fram mot arraqngementet 6. september. Vi var inne på eksisterande nettsider som kan brukast, så som Utvgandringsjubileet si offisielle side www.crossings200.no, eller minneinnsamlinga si Sunnfjord-side www.migrasjonsminne.no/sunnfjord . Det blei ikkje trekt nokon konklusjon på dette møtet.
Ein interessant tematikk under pilotprosjektet var forteljingar om utvandrarar som kom heimatt, og konsekvensar det fekk for etterslekta og lokalsamfunnet. Det kan vere interessant å gfrave litt djupare når vi får litt av slike forteljingar f.eks i nye minneintervju. Det kan både vere idéar til Fjellkoret, tema for utstillinga - og/eller tema for foredrag eller panelsamtale den 6/9.
Tilsvarande er det interessant med forteljingar om slike som det ikkje gjekk så bra med. Kanskje er dette ei særskilt spennande tematikk, i og med at “skuggeforteljingar” som vi i dag synest er viktige delar av historia, i stor grad vart haldne tilbake i fyrste og kanhende andre generasjon. Her kan ligge myukje spennande “nytt”.
På mange måtar er innsamling av munnleg historie i form av intervjuopptak den sikraste måten å starte arbeidet med dei tematikkane som er nevnte over her. Memoar er veldig motiverte for å sqamle vidare. Men endå betre vil det vere om historielaga brukar dette året på å prioritere opp innsamling og arkivering av munnleg kjeldemateriale.
Idéen som dette førde fram til går omlag slik:
Memoar inviterar til en ny intervjudag ganske snart, og ber folk “bestille time” Intervjuserien vil kunne foregå på lesesalen i Førde Bibliotek, evt, også på muséet.
Medlemmer i Røde Kors sitt kor blir inviterte spesielt - kanhende til ein særskilt intervjudag for folk som har innvandra til Sunnfjord.
Memoar sender også tilbod til historielaga i Sunnfjord om intervjukurs, for å forsøke å få til ei endå breiare innsamling av intervjuopptak enn det Memoar kan klare aleine.
Kontaktperson: Bjørn Enes -bjorn.enes@memoar.no
Det vart ikkje sett ned noko arbeidsgruppe den 7/1, men det vart avtalt nytt møte den 29/1. Innan då vil dei fire historielaga (Gaular - Naustdal - Førde og Jølster) vurdere om eit eller fleire av dei vil ta rolla som formell prosjekteigar og avsendar av ein søknad om finansiering om kulturmidler frå Sunnfjord Kommune (fristen er 1. mars),
Møtet blir onsdag 29. januar, på Førde Bibliotek. Alle deltakarane på møtet 7/1 blir inviterte, det same blir ei rekke personar som har vorr involverte i idéutviklinga så langt.
Memoar vil gjerne samle fleire migrasjonsminne i Sunnfjord. Bjøfrn Enes melder at han har planar om nye intervju i Førde Bibliotek desse tidsspunkta:
Tirsdag 28/1 Onsdag 29/1
kl. 12:00 - 14:00 Kl. 08:30 - 10:30
kl. 14:30 - 16:30 Kl. 11:00 - 13:00
Kl. 17:00 - 19:00 kl. 13:30 - 15:30
Lyst å bidra? Kontakt bjorn.enes@memoar.no