Ei bok - ei samling munnleg historie - eit svært vellukka skuleprosjekt. Det er kortversjonen av utvandringsjubileet i regi av Haram Kulturhistoriske Lag. laurdag 15/11 var markeringa avslutta med eit svært vellukka arrangement på Framtun, Rogne:
I løpet av tre dagar samla Haram Kulturhistoriske Lag og memoar 15 timar djupintervju med primærkjelder til Haramsmunnleg migrsjonsmhistorie. På bildet: Kristin Fjeld Eiken signerar samtykke til opptak og "evig" lagring av hennar historie om å vekse opp i Canada som andre generasjons utvandrar - for å vende "tilbake" til slektsgarden Hildremyra etteer eit omskriftande "globalisert liv". Utanom henne vart det samla intervju med Isballa Pareliussen, Jarl Inge Haram, Vebjørn Krogsæter, Siv kathrin Hagala Ulla,Petter K. Ulvestad, Petter Flem, Elias S. Rogne, Kenneth Ulla og Drazena Milic. Alle vil bli publisert her så snart etterarbeid er ferdig og dei sjølve har fått sjå gjennom opptaket. Innan 30. mars vil dei også bli publiserte på LokalhistorieWiki.
Gjennom to veker har migrasjon vore overskrifta i alle fag - fram til avsluttinga fredag 14/11. Dagen etter vart elevane sine produksjonar stilte ut på HKHL sitt avsluttingsarrangement. Skulen brukte Storyline-modellen. Alle elevane fekk roller henta frå autentisk lokal utvandringshistorie frå fem gardar på Nordaøyane. Halve skulen var "utvandrarar" - den andre halvdelen vart verande igjen heime. Dei leikte seg gjennom sjøreise, Ellis Island, vegen mot vest, nybyggarliv - og dei skreiv brev heim. Dei som vart att arbeidde med å halle gardane i hevd når så mange hadde reist, og å nytte moglegheitene frå kontakten med Amerikafararane til å utvikle heimesamfunnet. Avsluttinga på prosjektet var "slektstevne" - amerikafararane kom heim på besøk til gamlelandet. Memoar inviterar nå skulen til å presentere prosjektet på avsluttingskonferansen for Migrasjonsminne.