I 2025 markerer vi 200-årsjubileum for den organiserte utvandringa til Amerika. Etter kvart vart
det mange som reiste, også frå vårt område, Ein av dei var Andreas Mo som reiste over i 1895.
Han var ein ekte gründer og oppfinnar. Han hadde ei interessant tid i Amerika før han i 1930
kom han heimatt. Han hadde med seg mykje erfaring, mange idear og godt med pengar. Han
sette spor også i lokalsamfunnet her. Ein av ideane var å starte med gullgraving.
Vil du høyre meir om denne fasinerande historia kan du bli med på tur opp til gullgruva som ligg i fjellet mellom Flugedalen og Mo. Erik Solheim vert med og vil fortelje om Andreas Mo, livet hans og forsøket på å starte gullgraving i Sunnfjord!
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 17.00.
Vi køyrer bomvegen frå Farsundfeltet opp til Solheim og parkerer på velteplassen der. Avgang frå Solheim ca kl 17.20.
(Det går også å møte ved turstart på Solheim)..
Turen er eit samarbeid mellom Førde Historielag og Indre Sunnfjord turlag.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur).
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.
Sjå meir i Firda: https://www.firda.no/i-1931-fekk-forde-si-forste-og-truleg-siste-gullgruve/f/5-15-1729455
Det blir Erik Solheim som skal fortelje på turen den 5. junmi. Han bur i Flugedalen, nokre hundre meter unna gullgruva i luftlinje. Foto: Roy Sunde / Firda.